15 ALEPH-brukarar møtte fram på det første regionale brukargruppe-møtet i Bergen 2. juni i år. Målet med møtet var å informera om brukargruppa sitt arbeid, og få i stand ein dialog med brukarane om ønskje til systemet ALEPH og til arbeidet i brukargruppa. Leiar Helene Svihus orienterte om styret sin samansetnad og arbeid. Helge Risvand og Marit Gro Berge viste den nye bloggen. Før brukarane slapp til med innspel, presenterte Tine Andersen Bibits og system som dei tilbyr. Vi fekk vite nytt om ALEPH-utviklinga, og tidsplan for innføring av versjon 18.
Ein viktig del av møtet gjekk ut på å få brukarane i tale, og styret fekk med mange innspel til vidare arbeid. Styret fekk positive tilbakemeldingar på arrangementet. Regionale møter kan bidra til meir medvitne ALEPH-brukarar og ein betre kommunikasjon mellom styret og brukargruppa, vart det hevda. Det var ikkje ønskje om å endre praksisen med kollektivt medlemskap, slik ordninga er i dag.
Det kom fram at det ikkje alltid er like lett å vite kva som saker som skal til brukargruppa og kva som det er naturleg at kvart bibliotek tek kontakt direkte kontakt med Bibits om. Kan hende kunne ei oppskrift på korleis brukargruppa – og styret – kan brukast bli lagt ut på bloggen? Andre ønskje til innhald i bloggen: Kontaktinfo, med bilete av styret, aktuelle saker, handlingsprogram (ligg allereie ute), møtereferat, nyttige lenker – og møtekalender.
Deltakarane hadde sjølvsagt fleire utviklingsønskje til systemet. Tine kom med ei viktig avklaring her: Endringar som er knytta til den norske utgåva, og endra oppsett innafor systemet, er Bibits sitt ansvar, men endringar i sjølve programmodulane må brukargruppa (og Bibits) ta vidare til IGeLU
Andre tankar som vart fremja var regionale ALEPH-kurs. Det er dyrt, og tek mykje tid å reise. Ein sak for styret framover kan vere å komme med kravspesifikasjonar til ALEPH-kursa, dette samsvarer og med virkeplanen til styret.
Etter lunsj var det tid til nye presentasjonar. Tine Andersen demonstrerte PRIMO som kan brukast som ei overbygning til ALEPH og hauste inn aktuelle treff frå mange ulike baser og samordne treffa. Elegant! I Nordhordland har folkebiblioteka registrert katalogane til alle dei 41 skulane i regionen i den regionale samkatalogen, og Kari Utkilen, Inger Jaastad og Unni Ystebø fortalte om korleis skulane brukte webutlånet. Etter kvart som skulane får augo opp for kor greitt det er med eit automatisk system, kjem og ønskja om fleire funksjonalitetar. Til no har valet stått mellom den rimelege ”husmannsløysinga” skulane har i dag – eller innkjøp av alle modular. Tine lufta moglegskapen for at fleire skular kan dele på ein full pakke. Dette vil styret følgje opp.
Dagen vart avslutta med ein presentasjon av MoBib-prosjektet i Stavanger – eit framtidsretta prosjekt som har overføringsverdi for andre bibliotek.



Det hadde vært fint om du kunne legge på noen lenker til der man kan se litt på det som ble vist – evt. presentasjoner, Primo – og hvor man kan se det, Mobib osv.